Det er mange små skattar å oppleve om du reiser utanom allfarveg...! I Nordfjord er det enkelt å gøyme seg vekk om du ynskjer det, og oppleve den ekte kulturen! Vi har fire koselege, velutstyrte feriehus for utleige, eit er tilpassa rullestol. Tre av husa ligg ved Sandalsvatnet, og det fjerde ligg for seg sjølv, heilt usjenert ved skogkanten. Opplev det frodige Nordfjord, og nyt det gode liv!
Vi held til i den vakre og ville Myklebustdalen, med utsyn til brèen. Fjellområda våre grensar opp imot vestleg del av Jostedalsbrèen Nasjonalpark. I eit lite dalføre er også den flotte Sandalsfossen, med 150 m fall!
Her finn du ein roleg feriestad, 5 km frå Byrkjelo og rv 39, men sentralt til mange kjende turmål, som Briksdalsbrèen, Vestkapp, Stryn og Fjærland. Også Geiranger kan du nå på ein dagstur.
I gardsmusèet vårt kan du sjå gamalt og nytt handverk m.a. Du kan også få delta på tradisjonsbaking, prøve fiskelukka, gå på spennande turar i nærområdet eller på fjellet, besøke stølen vår t.d
Enten du vil kome på sumartid med dei lyse netter, oppleve hausten og vinteren, eller våren som skifter med snø og grøne lier, velkomen er du!
NB Ved booking, send gjerne ein mail :) om du ikkje likar så godt online booking.
A N N E S T O V A
R O M A N T I S K H U S F O R E I T P A R , E L L E R E I N L I T E N F A M I L I E
I N F O A N N E S T O V A Lite tømmerhus, med nostalgisk atmosfære. Kjøkken med komfyr og kjøleskap. Bad med golvvarme. Stove med peisomn. Loft med dobbel seng og to sengeplassar for barn. Koseleg lågt under taket på loftet, og litt bratt trapp opp frå kjøkenet.....
T R I V E L E G T Ø M M E R H U S I T R A D I S J O N E L L L A N D L E G S T I L
I N F O H Å J A Tre soverom, det eine nede med dobbel seng (150cm), dei to andre oppe, begge med ei dobbel seng (120cm) og ei enkel seng (90cm). Barneseng i tillegg, høg barnestol og grind for trappa. Stove med vedomn. Kjøkken med oppvaskmaskin og mikrobølgjeomn. Vaskemaskin og tørketrommel. Veranda mot vatnet.
I N F O N Y S T O V A Fint og romsleg feriehus. Stove med peisomn.
Fullt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, frysar og mikrobølgjeomn. Bad med golvvarme, vaskemaskin og tørketrommel. Eit soverom med to enkle senger (90cm), og eit soverom med dobbelseng (150cm) i første etasje. Eit soverom i andre etasje med dobbelseng (180cm) og ei enkel seng (75cm), samt barneseng. Høg barnestol og grind for trappa.
B L Å K L O K K E H U S E T - l i g gh e i l t f o r s e g s j ø l v
I N F O B L Å K LO K K E H U S E T To soverom på grunnplan, eit med dobbelseng (150 cm) og ei enkel seng (75cm). Det andre har brei underkøye (120 cm) og enkel overkøye (75cm). Stove med vedomn. Mikrobølgjeomn. Bad med golvvarme. Høg barnestol og lita seng kan lånast. Inngjerda hage kring huset. Delvis overbygd terrasse. Tilgang til båt ved garden.
Tre av feriehusa: ”Annestova”, ”Håja” og ”Nystova” ligg ved Sandal Gard. ”Blåklokkehuset” ligg heilt for seg sjølv ved skogkanten, 1,5 km frå garden.
Sams for alle husa: Utsyn mot brè og fjellandskap, uteplass med hagemøblar og grill. El. lys og varme. Dusj og WC. Fullt utstyrt kjøkken, komfyr og kjøleskåp, miksar og kaffitraktar. Senger med dyner og puter. Støvsugar. TV. Parkering ved husa. Sandkasse og huske. Robåt og redningsvestar til fri disposisjon.
P R I S A RF E R I E H U S
P R I S P R. V E K E
P E R S .
A-sesong
B - sesong
C -sesong
A N N E S T O V A
2 (+2 små)
4 200,-
3 500,-
2 800,-
H Å J A
6 (+3)
6 300,-
5 600,-
4 900,-
B L Å K L O K K E H U S E T
4 (+2)
4900,-
4 200,-
3 500,-
N Y S T O V A
6 (+3)
7 000,-
6 300,-
5 600,-
A-sesong: 23. juni - 18. aug B-sesong: 19. mai - 23. juni og 18. aug - 1. sept C-sesong: 1. sept - 19. mai
Inkludert i prisen er: Bruk av straum og ved, bruk av robåt med flytevestar. Dyner og puter.
Leigar har sengtøy med, eller det kan leigast. Sengetøy + handkle: kr. 100,- pr pers. Leigar ryddar og vaskar sjølv, eller leiger sluttreingjering: kr. 600,- Annestova kr 500,-
Rabatt ved langtidsleige, ta kontakt. Det går altså veldig fint å sende ein mail, dersom du ikkje likar online booking :) Adr lengst nede på sida.
P R I S S E R V I C E
F I S K E K O R T F O R H E I L E B R E I M Døgn: kr. 60,- Veke kr. 250,- Sesong kr. 400,-
G A R N F I S K E Garnfiske, inklusiv ørret. Tre personar kan ro ut med Aud for å setje garnet. Vi dreg garnet neste dag. Stor sjanse for fisk nok til ein middag! Gruppepris kr. 400,- Tilbodspris for våre feriehusgjester kr. 200,- pr. familie.
G A R D S B E S Ø K Omvisning i gardsmusèet, og evt. aktivitet i bakstekjellaren. Måltid i Stabburstova eller Jukebox stova, med kaffi/te og mjuke trontekaker, Kr. 125,- pr. person. Minimum 4 personar eller minstepris kr. 500,- Tilbodspris for våre feriehusgjester kr. 200,- pr familie.
G U I D A F A M I L I E F J E L L T U R T I L S A N D A L S S T Ø Y E N Turen varer ca. 5-6 timar. Maks. 8 personar. Gruppepris kr. 800,- Kan ha niste med, eller bestille: Huldresuppe og heimebaka brød kr. 70,- og/eller støylskaffi/te og heimebakst kr. 30,-
I N F O N O R D F J O R D
Du finn oss i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord. Her har vi alt frå isbrear, urørd villmark, fiskerike fjellvatn og lakseførande elvar til djupe fjordarmar. Eit rikt dyre- og fugleliv kan vi by friluftsinteresserte, hjorten er talrik i våre skogar. Fjordhesten kan du møte, bli med på ein frisk rafting, eller kva med ein klatretur i blåisen?
Her er det eit godt utval av både merka og umerka turløyper. Du kan rusle i trivelege handlegater, gå på museum og utstillingar, eller innta eit måltid i atmosfæriske omgjevnader. Mange kjem hit for å delta i kulturopplevingar, idrett og musikkarrangement. Du er også hjarteleg velkomen til å oppleve våre levande bygder!
Sandane Lufthamn ligg i Gloppen og har dagleg flyavgangar til både Bergen og Oslo, medan E39 går gjennom kommunen.
Bildet syner Briksdalsbrèen, ein times køyretur frå Sandal. Jostedalsbreen er den største i Europa, vel verd eit besøk!!
V E R T I N N A A U D M Å L A R R O S E M Å L I N G I L O K A L S T I L
S J Å G J E R N E N E T T S I D A A R V www.arv.no
V E T E R A N B I L
G A M L E B I L A R F I N N S T D E T H E R . . .
FORD GPW (Willys Jeep) 1944
Køyrer Triumph TR3 på veteranbil løp
M U S E U M
G A R D S M U S E U M
5 0 - 6 0 T A L S M U S E U M
A K T I V I T E T A R
F O R V Å R E G J E S T E R O G A N D R E I N T E R E S S E R T E
Bestill gjerne aktiviteter alt når du tingar feriehus. G A R N F I S K E 1 . J U L I - 1 . O K T . Du kan fylgje Aud ut med båten for å setje garn. Neste dag dreg vi garnet, fisken sprellar og det blir ganske sikkert fisk nok til ein middag! G A R D S B E S Ø K Omvisning i gardsmuseet. Høyre litt om landbruk og historie, og om korleis det er å bu og arbeide slik som vi gjer. Sjå gamalt og nytt handverk. Eit måltid med lokal smak kan vi tilby. Kanskje du vil være med å bake "Tronte-kaker". G U I D A F A M L I E - F J E L L T U R 1 . J U N - 1 . O K T . Turen går til den fine støylen vår, Sandalsstøylen, ca. 2 timars gange, med flott utsyn til fossar og isbre. Vi kan lage mat i det gamle selet og kanskje ser vi reinsdyra som beitar i området. Ved varmt vær er det friskt med ein dukkert i badedammen! S P O R T S F I S K E Her er eit svært godt område for ørretfiske, eller aure, som det heiter her. Vi har mange vatn og lange elvestrekningar. Det er også høve til å fiske laks fleire stader i Nordfjord. Sjå gjerne http://gloppen.sportsfiske.nu/ for meir info.
R I D I N G Gloppen har fjordhesten i kommunevåpenet sitt, og denne rolege hesterasen er sentral her i Nordfjord. Her er rike høve til å lære denne vakre hesten å kjenne. Det er Fjordhestgard med tilbod, både her i bygda og på Nordfjordeid, ein times køyretur unda.
G O L F Det er ei 6-holsbane ved kommunesenteret Sandane. www.sandanegolf.no
V A N D R I N G Nordfjordnaturen innbyr til vandring. Her er merka turstiar i både lett og utfordrande terreng. Kjende motbakkeløp er "Eggenipa opp" og "Skåla opp". Dei mange støylane våre er spennande og kulturelle turmål. Til sykling er området også godt egna.
B A D I N G Sandalsvatnet er for dei tøffe, med brevatn ca. 4 grader! Breimsvatnet har fin sommartemperatur, kun 10 min. køyring dit. Til fjorden er det 20 min., elles har vi fint oppvarma utendørs basseng på Byrkjelo.
G O D M A T Viss du vil gå ut ein kveld på eit historisk hotell er Gloppen Hotell vide kjent for god lokal mat. www.gloppenhotell.no eller Gordon på Reed Det er koseleg på Byrkjelo kafè og pensjonat, og ved Spar Byrkjelo er Jafs kafè og på Reed er Reedkroa.
S H O P P I N G Kommunesenteret Sandane har mange fine og spesielle butikkar. Gloppebua, Daiva sin butikk og Hyggeliv kan anbefalast når det gjeld gåver/souvenir. Fabrikk-utsala i Olden har gode tilbod, og dei kjende ungdomane/designarane i "moods of Norway" har utsal i Stryn. www.skogstadsport.no www.riccovero.no www.moodsofnorway.co
S A N D A L E R E I T S E N T R A L T U T G A N G S P U N K T F O R B I L T U R A R T I L K J E N T E T U R I S T A T T R A K S J O N A R: Astruptunet i Jølster Bremuseet i Fjærland Briksdalsbreen/ Stryn Geiranger Vestkapp
G A R D S H I S T O R I E S A N D A L E R E I N G A M A L G A R D , M E D M A N G E S P E N N A N D E H I S T O R I E R !
Busetnaden her er truleg heilt attende til folkevandringstida. Det er gjort eit gravfunn ved den gamle ferdslevegen inn hit til dalen vår, ved Bjørnarheim, frå omlag år 400. Dette kan tyde på at det alt då var busett her også. Dei eldste sikre spor etter folk her i Sandal er rike gravfunn frå år 700 og 800. Gravhaugane kan ein sjå, dei ligg der det gamle vikingetunet låg, ved Nilstunet. Rett framfor garden, på hi sida av vatnet, breier heksefjellet Vora seg utover, og opp i ei høgd på 1400 m. Stakkars dei kvinnene som tok seg opp dit i gamal tid.....
I Sandal er det i dag fire bruk: Larstunet, Dåvetunet, Nilstunet og vårt bruk som heiter Reiatunet. Det kjem frå det gamle nordiske namnet Reiel, som mange av brukarane her har hatt. Dette namnet er visst ikkje brukt i andre område av landet.
Stabburet er den eldste bygningen på garden, frå 1600 talet, og er flytt fleire gonger. Det var med på lasset då dei flytte ut av det gamle klyngetunet sist på 1800, og har sidan stått fleire stader her på tunet. No fungerer det som eit gardsmuseum, kombinert med eit lite selskapslokale. Same slekta har vore eigarar av Reiatunet i fem hundre år! Vi kjenner namna på brukarane heilt tilbake til sist på 1500. Sara, som var dotter til den første Reiel som vi veit om, var odelsjente og brukar i 1620. Vi som er brukarar her i dag, Jostein og Aud, flytta hit i 1970. Då hadde garden vore driven i lag med Bergheim, av Jostein sine foreldre, så her hadde ikkje budd folk på 20 år. Det var litt å ta tak i...... Men vi var unge, sterke og med stort pågangsmot! Ungane som etterkvart kom til, har også vore svært flinke med å hjelpe til i alt arbeid på garden.
D R I F TA I D A G Drifta på garden vår no er, forutan utleigehus/turisme, i hovudsak grasproduksjon. Litt poteter dyrkar vi framleis og grønsaker til eige bruk. Vi er medeigarar i Sandal og Fossheim kraft, eit samarbeidsprosjekt mellom alle brukarane i Sandal og på nabogarden Fossheim. I Sandalselva vert produsert mykje straum med minimale naturinngrep.
Jostein er bonden som byggjer og repererer det meste. Historisk interessert og samlar på smått og stort..... gamle bilar t.d. Aud driv i vinterhalvåret med lokal rosemåling på bestilling. Sjå gjerne nettsida ARV www.arv.no
LightWeb
S A N D A L G A R D
K O N T A K T P E R S O N Aud Bergheim A D R E S S E N-6826 Byrkelo
T E L E F O N +47 57 86 88 21 W E B S I D E www.sandalgard.no M O B I L S I D E M O B I L +47 917 30 318 E - P O S T post@sandalgard.no
Frå Bergen med bil kan du ta E39 til Oppedal. Ta ferja over Sognefjorden til Lavik og hald fram på E 39 via Førde og Skei til Byrkjelo.
Frå Oslo med bil ta E18 mot Drammen. Etter 16 km er du i Sandvika og tek inn på E16 via Hønefoss til Lærdal, ca 320 km. Eller den litt kortare ruta over Gol, ta inn på Rv 7 litt før Hønefoss, og Rv 52 over Hemsedal til Lærdal. Så rv.5 til Fodnes der du får ein liten fin ferjeturtur over Sognefjorden til Mannheller, vidare om Sogndal og Fjærland, gjennom tunellane (som er gratis no...!) Frå Skei ta E39 til Byrkjelo.
Frå Byrkjelo tek du av på Rv 60 mot Stryn. Allerede etter 1.km ser du skiltet Myklebust og tek av til høgre der. Etter 4 km på bygdeveg ser du vatnet, stopp ved skiltet Sandal Gardsturisme. Huset til vertskapet er lys gult. Der er vi og kan gje deg nøkkel og informasjon.