Opplev det frodige Nordfjord! Mellom Geirangerfjorden og Sognefjorden Eit hus er tilpassa rullestolbruk. Sandal, din jordbærstad........! Sandal ligg i den vakre Myklebustdalen, 5 km frå Byrkjelo (ved E39) i fredelege omgjevnader og storslagen natur. I Sandalsvatnet (150 m ) og i elvar og fjellvatn er det godt ørretfiske.Vi har robåt for våre gjester, og fiskekort for sal.Det er mange merka turstiar i området.Her finn du ein roleg feriestad, men sentralt til mange kjende reisemål.Ynskjer du late dagar er her ei garantret stressfri sone! Høve til besøk på garden med dyr, gardsmuseum og sal av handverk. Tilrettelagde aktivitetar: tradisjonsbaking, garnfiske og stølstur.Enten du vil kome på sumartid med dei lyse netter, oppleve hausten og vinteren,eller våren som skifter med snø og grøne lier, velkomen er du!Sandal ligg på flatene ved Sandalsvatnet, i den vakre og ville Myklebustdalen som grensar opp imot vestleg del av Jostedalsbrèen Nasjonalpark. Her er utsyn til Myklebustbrèen og det dramatiske heksefjellet Vora.Det kjem fleire elvar ned frå brèen i eit lite dalføre. Der er også den flotte Sandalsfossen. Stien til støylen og fjellområda derikring, går opp lia i dette dalføret. (sjå vandring) Tre av feriehusa: ”Annestova”, ”Håja” og ”Nystova” ligg ved Sandal Gard. ”Blåklokkehuset” ligg heilt for seg sjølv ved skogkanten, 1,5 km frå garden,og ”Jenny-hytta” ligg i eit fredeleg hjørne av Byrkjelo. ams for alle husa: Flott utsyn mot fjellandskap, uteplass med hagemøblar og grill.El. lys og varme. Dusj og WC. Fullt utstyrt kjøkken, komfyr og kjøleskåp, miksar og kaffitraktar. Senger med dynerog puter. Støvsugar. Radio og TV. Parkering ved huset. Sandkasse og huske. Robåt og redningsvestar til fri disposisjon.Aktivitetar for våre gjester, og andre interesserteGarnfiske 1.juni – 1. oktober Du kan fylgje Aud ut med båten for å setje garn. Neste dag dreg vi garnet, fisken sprellar og det blir ganske sikkert fisk nok til ein middag! Bestill gjerne denne aktiviteten alt når du tingar feriehus. Sjå prisliste service. Gardsbesøk Omvisning i gardsmuseet og urtehagen. Høyre litt om landbruk og historie, og om korleis det er å bu og arbeide slik som vi gjer. Eit måltid med smak av garden sine produkt kan vi tilby. Dei som vil kan være med å bake "Tronte-kaker". Helse på dyra. Bestill gjerne denne aktiviteten alt når du tingar feriehus. Sjå prisliste service. Guida familie-fjelltur 1. jun - 1. okt. Turen går til den fine støylen vår, Sandalsstøylen, ca. 2 timars gange, med flott utsyn til fossar og isbre. Vi kan lage mat i det gamle selet og kanskje ser vi reinsdyra som beitar i området. Ved varmt vær er det friskt med ein dukkert i badedammen! Bestill gjerne denne aktiviteten alt når du tingar feriehus. Sjå prisliste service. Sportsfiske Her er eit svært godt område for ørretfiske, eller aure, som det heiter her. Vi har mange vatn og lange elvestrekningar. Det er også høve til å fiske laks fleire stader i Nordfjord. Sjå http://gloppen.sportsfiske.nu/ for meir info. Andre aktivitetar i nærleiken: Rafting, brevandring. Meir info: www.jolster-rafting.no www.briksdalsbre.no Riding Gloppen har fjordhesten i kommunevåpenet sitt, og denne rolege hesterasen er sentral her i Nordfjord. Her er rike høve til å lære denne vakre hesten å kjenne. www.fjordhestgarden.no www.norsk-fjordhestsenter.no www.fjordhest.no Golf Det er vorte populært også her, og det er ei ny 6-holsbane ved kommunesenteret Sandane. www.sandanegolf.no Nordfjordnaturen innbyr til vandring Her er merka turstiar i både lett og utfordrande terreng. Kjende motbakkeløp er "Eggenipa opp" og "Skåla opp". Dei mange støylane våre er spennande og kulturelle turmål. Til sykling er området også godt egna. Bading Sandalsvatnet er for dei tøffe, med brevatn ca. 4 grader! Breimsvatnet har fin sommartemperatur, kun 10 min. køyring dit. Til fjorden er det 20 min., elles har vi nytt og fint oppvarma utendørs basseng på Byrkjelo. God mat Viss du vil gå ut ein kveld på eit historisk hotell.. www.gloppenhotell.no www.gordon.no Shopping Fabrikk-utsala i Olden har gode tilbod, og dei kjende ungdomane/designarane i "moods of Norway" har utsal i Stryn. www.skogstadsport.no www.riccovero.no www.moodsofnorway.com Lokalt handverk kan du finne på turistinformasjonen på Byrkjelo, open 10.juni til 15.august. Sjå også www.arv.no. Sentralt utgangspunkt for bilturar til kjende turistattraksjonar: Astruptunet i Jølster, Bremuseet i Fjærland, Briksdalsbreen i Stryn, Geiranger Vestkapp, Selje kloster