LightWeb
Sandal Gardsturisme - Aud`s Cottages Sandal - Byrkjelo - Nordfjord - Fjord Norway-
LightWEB
Startside English Deutchland

BILDER HYTTER                     

LightWeb
LightWeb

 
V E L K O M E N   T I L   S A N D A L   G A R D

 O G  A U D `S   F E R I E H U S 

Det  er mange små skattar å oppleve om du reiser utanom allfarveg...!
I Nordfjord er det enkelt å gøyme seg litt vekk, om du ynskjer det, og oppleve den ekte kulturen!
Vi har tre koselege, velutstyrte feriehus for utleige, eit er tilpassa rullestol.

Vi held til i den vakre og ville Myklebustdalen, med utsyn til brèen.
Fjellområda her grensar opp imot vestleg del av Jostedalsbrèen Nasjonalpark.
 
Feriehusa våre ligg ved Sandalsvatnet, der ørreten sprett....
Robåt på vatnet kan nyttast gratis, og vi sel fiskekort.


Her finn du ein roleg feriestad, 10 min frå Byrkjelo og rv 39, men sentralt til mange kjende turmål, som Briksdalsbrèen, Vestkapp, Stryn, Jølster og Fjærland.
Også Geirangerfjorden og Ålesund kan du nå på ein dagstur.

Loen skylift (1000 m rett opp på 5 min!) er under ein times køyretur herifrå.
Nordfjord Folkemuseum ligg i vårt koselege kommunesenter, Sandane, ved fjorden, og er vel verd eit besøk. Sandane har også innandørs basseng og klatrevegg, og eit spesielt flott turområde,
med m.a."Kjærleikskogen"!

På Byrkjelo er Prix Coop og "Bakar Jon", bakeri  med stort utval i lokalmat, samt ein kafe.

Vi har ei lita tømmerhytte og to større med meir comfort. Sjå omtale av kvart hus nedanfor.
Ved feriehusa er det parkering og ein uteplass med grill.

Inst i dalen ligg Strupen, med fleire fossar under kvarandre,  på tilsaman 820 m fall! Der er også eit flott turområde i villt og spennande terreng.
I eit lite dalføre er Sandalsfossen, med 120 m fall, og sti opp til fjellet.
Sjå elles meir om aktivitetar nedanfor.

Opplev det frodige Nordfjord, og nyt det gode liv!!
Enten du vil kome på sumartid med dei lyse netter, oppleve hausten og vinteren, eller våren som skifter med snø og grøne lier, velkomen er du!

Har du spørsmål, send gjerne ein mail :)  sjå meldingsboks nederst på sida   





 






A N N E S T O V A  

R O M A N T I S K   L I T E   H U S   F O R   T O  P E R S O N A R 

I N F O   A N N E S T O V A
Lite tømmerhus, med nostalgisk atmosfære. Kjøkken med komfyr og kjøleskap.
Bad med golvvarme.

Stove med peisomn. Loft med dobbel seng.
Koseleg lågt under taket på loftet, men litt bratt trapp opp frå kjøkenet.....



F L E I R E   B I L D E R  F R Å  V E S L E  " A N N E S T O V A"  > >       
 
                                                                                                                             


H Å J A

T R I V E L E G   T Ø M M E R  H U S   I   T R A D I S J O N E L L 
L A N D L E G   S T I L 


I N F O   H Å J A
Tre soverom, det eine nede med dobbel seng (150cm), dei to andre oppe, begge med ei brei seng (120cm) og ei enkel seng (90cm). Ei barneseng, høg barnestol og grind for trappa.
Stove med vedomn. Kjøkken med oppvaskmaskin og mikrobølgjeomn. Baderom med vaskemaskin, dusj og Wc. Veranda mot vatnet.

F L E I R E   B I L D E R   F R Å   G A R D S H U S E T  "H Å J A"

                                                                     

N Y S T O V A    - m e i r  m o d e r n e 


I N F O  N Y S T O V A

Fint og romsleg feriehus. Stove med peisomn.

Fullt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, frysar og mikrobølgjeomn.
Bad med golvvarme, vaskemaskin. Eit soverom med to enkle senger (90cm), og eit soverom med dobbelseng (150cm) i første etasje. Eit soverom i andre etasje med dobbelseng (180cm) og ei enkel (barne-)seng (75cm -190cm lang), samt ei lita barneseng. Ei seng ekstra ("daybed" 80 -180) på gangen oppe. Høg barnestol og grind for trappa.

Huset er tilrettelagt for rullestol.

F L E I R E   B I L D E R   F R Å  F E R I E H U S E T  "N Y S T O V A"   > >                                 
                                                                                                                          





I N F O   F E R I E H U S



Feriehusa: ”Annestova”, ”Håja” og ”Nystova” ligg 150 m frå Sandalsvatnet

Sams for alle husa: Utsyn mot brè og fjellandskap, uteplass med hagemøblar og grill.
El. lys og varme. Dusj og WC.
Fullt utstyrt kjøkken, komfyr og kjøleskåp, miksar og kaffitraktar. Senger med dyner og puter. Støvsugar. TV.
Parkering ved husa. Sandkasse og huske. Robåt og redningsvestar til fri disposisjon.







P R I S A R     F E R I E H U S


P R I S   P R.  V E K E   (MERK: EV. SENGTØY KJEM I TILLEGG)


P E R S .
A-sesong B - sesong
C -sesong
A N N E S T O V A  (Sengtøy inklusiv)
2
5600,-
4900,-
4200,-
H Å J A
6 (+1 barn)
6 300,-
5 600,-
4 900,





N Y S T O V A 6 (+2)
7 000,-
6 300,-
5 600,-



A-sesong: 15. juni - 10. aug
B-sesong: 11. mai - 14. juni og 11. aug - 6. sept
C-sesong: 7. sept - 10. mai

Enkeltnetter heile året: Annestova kr 800.- Håja  kr 1000- Nystova kr 1000.-

Inkludert i prisen er: Bruk av straum og ved, bruk av robåt med flytevestar. Dyner og puter.

Leigar har sengtøy med, eller det kan leigast. Sengetøy + handkle: kr. 100,- pr pers.
Merk: I Annestova er sengtøy for to inkludert.

Leigar ryddar og vaskar sjølv, eller leiger sluttreingjering: kr. 600,- Annestova kr 500,-


Rabatt ved langtidsleige, ta kontakt.









V E R T I N N A  A U D  S I N  M Å L I N G


V E T E R A N B I L
G A M L E   B I L A R   F I N N S T   D E T   H E R  . . .


FORD GPW  (Willys Jeep) 1944


Aud skal på tur med Jostein, i hans Triumph TR3  1956

M U S E U M

G A R D S M U S E U M


Gardsmuseet er i låven og i eit gamalt stabbur, syner historia på garden.
5 0  -  6 0  T A L S M U S E U M


                 60 tals stova for spesielt interesserte...






A K T I V I T E T A R 


T I L B O D   F O R  V Å R E  G J E S T E R 

G A R D S B E S Ø K

Omvisning i gardsmuseet, der løyner seg mange spennande historier...
Eit måltid med lokal smak kan vi tilby. Kanskje vil du være med i bakstekjellaren....


V A N D R I N G
Mange turar å velje mellom, både toppturar, også med guide Gloppen Aktiv.   eller moderate fjellturar og fine rusleturar på eiga hand. Vi hjelper med informasjon.
Sjå gjerne:    www.trivselsskogen.no       

S P O R T S F I S K E
Her er eit svært godt område for ørretfiske, eller aure, som det heiter her. Vi har mange vatn og lange elvestrekningar.
Vi har sal av fiskekort for eit stort område. (Det er også høve til å fiske laks fleire stader i Nordfjord.)

Sjå gjerne  http://gloppen.sportsfiske.nu/ for meir info.når det gjeld sportsfiske.

F E S T I V A L A R
I kommunen vår er det mange festivalar som du kanskje vil besøke. Vi kan nemne Norsk countrytreff, matfestivalen Matamål, Gloppen musikkfest, Jerimiaden folkemusikkfestival,  Glopperock,  mange idrettstemner og motbakkeløpet Eggenipa opp.


A K T I V I T E T A R   I   N Æ R L E I K E N

S Y K L I N G
Fine turar til dalane i nærleiken eller langs fjorden. Tilrettelagt for sti-sykling, også sykkelutleige:  Gloppen Aktiv

R A F T I N G

Rafting i Jølster   www.jolster-rafting.no    

B R È V A N D R I N G

På Myklebustbrèen Bre og Fjell     www.jolster-rafting.no 
Nordfjord adventure: kun grupper 
Briksdal   www.briksdalsbre.no


R I D I N G
Gloppen har fjordhesten i kommunevåpenet sitt, og denne rolege hesterasen er sentral her i Nordfjord.
Her er rike høve til å lære denne vakre hesten å kjenne.
Det er Fjordhestgard med tilbod, både på Byrkjelo og Sandane  Stall Rygg
samt på Nordfjordeid, ein times køyretur unda.

G O L F
Det er ei 6-holsbane ved kommunesenteret Sandane. www.sandanegolf.no

V A N D R I N G

Nordfjordnaturen innbyr til vandring. Her er merka turstiar i både lett og utfordrande terreng. Kjende motbakkeløp er "Eggenipa opp" og "Skåla opp". Dei mange støylane våre er ogsåspennande og kulturelle turmål.
 Guida turar
: www.gloppenaktiv.no    Klatrerute: Via Ferrata, Loen

B A D I N G

Sandalsvatnet er for dei tøffe, med brevatn ca. 5 grader! Breimsvatnet har fin sommartemperatur, kun 10 min. køyring dit. Til fjorden er det 20 min, sjøbad i strandparken ved Sandane sentrum, og både strand og basseng på Gloppen Camping
Elles har vi fint oppvarma utendørs basseng på Byrkjelo camping


G O D   M A T

Viss du vil gå ut ein kveld på eit historisk hotell er Gloppen Hotell vide kjent for god lokal mat. www.gloppenhotell.no
Lokalmatbutikk, kafe og bakeri hjå " Bakar-Jon" i sentrum av Byrkjelo Bakar Jon
Kafear og bakeriutsal i Sandane, t.d.  Lauget kaffi og kultur 

S H O P P I N G
Kommunesenteret Sandane har mange fine og spesielle butikkar. Gloppebua og Daiva sin butikk kan anbefalast når det gjeld gåver/souvenir. Klebutikkar og sportsbutikkar.

Fabrikk-utsala i Olden har gode tilbod,  "moods of Norway" har utsal i Stryn og Olden. 

Skogstad Sport klede har fabrikkutsal i Innvik, alltid gode tilbod der  www.skogstadsport.no    Ricco Vero i Olden  www.riccovero.no      
www.moodsofnorway.com

S A N D A L   E R    E I T   S E N T R A L T   U T G A N G S P U N K T   F O R

B I L T U R A R   T I L   K J E N T E   T U R I S T A T T R A K S J O N A R:

Sagastad m. Myklebust vikingskip i Nordfjordeid, ein times tur  Sagastad
Astruptunet i Jølster, ein liten time

Bremuseet i Fjærland, ein time
Nordfjord folkemuseum, Sandane, 20 min  www.nordfjord.museum.no
Briksdalsbreen/  Stryn ein time,  www.briksdalsbre.no
Geiranger, dagstur
Vestkapp, dagstur
Ålesund, dagstur
Loen skylift, og andre opplevingar i Nordfjord  www.nordfjord.no







G A R D S H I S T O R I E 

S A N D A L   E R   E I N   G A M A L   G A R D ,  M E D   M A N G E   S P E N N A N D E   H  I S T O R I E R !

Busetnaden her er truleg heilt attende til folkevandringstida. Det er gjort eit gravfunn ved den gamle ferdslevegen inn hit til dalen vår, ved Bjørnarheim, frå omlag år 400. Dette kan tyde på at det alt då var busett her også.
Dei eldste sikre spor etter folk her i Sandal er rike gravfunn frå år 700 og 800. Gravhaugane kan ein sjå, dei ligg der det gamle vikingetunet låg, ved Nilstunet. Rett framfor garden, på hi sida av vatnet, breier heksefjellet Vora seg utover, og opp i ei høgd på 1400 m. Stakkars dei kvinnene som tok seg opp dit i gamal tid..... 

I Sandal er det i dag fire bruk: Larstunet, Dåvetunet, Nilstunet og vårt bruk som heiter Reiatunet. Det kjem frå det gamle nordiske namnet Reiel, som mange av brukarane her har hatt. Dette namnet er visst ikkje brukt i andre område av landet.

Stabburet er den eldste bygningen på garden, frå 1600 talet, og er flytt fleire gonger. Det var med på lasset då dei flytte ut av det gamle klyngetunet sist på 1800, og har sidan stått fleire stader her på tunet. No fungerer det som eit gardsmuseum, kombinert med eit lite "selskapslokale".

Same slekta har vore eigarar av Reiatunet i fem hundre år! Vi kjenner namna på brukarane heilt tilbake til sist på 1500. Sara, som var dotter til den første Reiel som vi veit om, var odelsjente og brukar i 1620.
Vi som er brukarar her i dag, Jostein og Aud, flytta hit i 1970. Då hadde garden vore driven i lag med Bergheim, av Jostein sine foreldre, så her hadde ikkje budd folk på 20 år. Det var litt å ta tak i...... Men vi var unge, sterke og med stort pågangsmot! Ungane som etterkvart kom til, har også vore svært flinke med å hjelpe til i alt arbeid på garden.


D R I F TA   I   D A G

Drifta på garden vår no er, forutan utleigehus/turisme, i hovudsak grasproduksjon ( til bruk i fellesfjøs for mjølk i nabolaget)
Litt poteter dyrkar vi framleis og grønsaker, til eige bruk.
Vi er medeigarar i Sandal og Fossheim kraft, eit samarbeidsprosjekt mellom alle brukarane her.
I Sandalselva vert produsert mykje straum med minimale naturinngrep.
 
Jostein er bonden som byggjer og repererer det meste. Historisk interessert og samlar på smått og stort.....
gamle bilar  t.d.
Aud er turistvertinna, og driv i vinterhalvåret med div. handverk, saum og rosemåling. (no på hobbybasis)







LightWeb




S A N D A L   G A R D

K O N T A K T P E R S O N
Aud Bergheim


A D R E S S E
Dalevegen 490
N-6826 Byrkelo


W E B S I D E

www.sandalgard.no  

M O B I L S I D E
      

M O B I L
+47 917 30 318

E - P O S T

post@sandalgard.no   

B L O G G  http://audscottagepaint.blogspot.com 
T I L B A K E M E L D I N G A R





F A C E B O O K

G O O G L E M A P S



V E G   B E S K R I V I N G

Frå Bergen med bil kan du ta E39 til Oppedal. Ta ferja over Sognefjorden til Lavik og hald fram på E 39 via Førde og Skei til Byrkjelo.

Frå Oslo med bil ta E18 mot Drammen. Etter 16 km er du i Sandvika og tek inn på E16 via Hønefoss til Lærdal, ca 320 km. Eller den litt kortare ruta over Gol, ta inn på Rv 7 litt før Hønefoss, og Rv 52 over Hemsedal til Lærdal.
Så rv.5 til Fodnes der du får ein liten fin ferjeturtur over Sognefjorden til Mannheller, vidare om Sogndal og Fjærland, gjennom tunellane (som er gratis no...!) Frå Skei ta E39 til Byrkjelo.

Frå Byrkjelo tek du av på Rv 60 mot Stryn. Allerede etter 1.km ser du skiltet Myklebust og tek av til høgre der. Etter 4 km på Dalevegen (bygdeveg) ser du vatnet, stopp ved skiltet Sandal Gardsturisme. Huset til vertskapet er lys gult. Husnr 490 Der er vi, og kan gje deg nøkkel og informasjon :)

GPS: 61.745022 / 6.571989




© LightWeb