LightWeb
Sandal Gardsturisme - Aud`s Cottages Sandal - Byrkjelo - Nordfjord - Fjord Norway-
LightWEB
Startside English Deutchland

BILDER HYTTER                     

LightWeb
LightWeb
Aktivitetar for våre gjester, og andre interesserte
Garnfiske 1.juni – 1. oktober
Du kan fylgje Aud ut med båten for å setje garn. Neste dag dreg vi garnet,

fisken sprellar og det blir ganske sikkert fisk nok til ein middag!

Bestill gjerne denne aktiviteten alt når du tingar feriehus. Sjå prisliste service.


Gardsbesøk
Omvisning i gardsmuseet og urtehagen. Høyre litt om landbruk og historie,

og om korleis det er å bu og arbeide slik som vi gjer.

Eit måltid med smak av garden sine produkt kan vi tilby.

Dei som vil kan være med å bake "Tronte-kaker".

Helse på dyra. Bestill gjerne denne aktiviteten alt når du tingar feriehus.

Sjå prisliste service



Guida familie-fjelltur 1. jun - 1. okt.

Turen går til den fine støylen vår, Sandalsstøylen, ca. 2 timars gange,

med flott utsyn til fossar og isbre. Vi kan lage mat i det gamle selet og

kanskje ser vi reinsdyra som beitar i området.

Ved varmt vær er det friskt med ein dukkert i badedammen!

Bestill gjerne denne aktiviteten alt når du tingar feriehus.

Sjå prisliste service.



Sportsfiske

Her er eit svært godt område for ørretfiske, eller aure, som det heiter her.

Vi har mange vatn og lange elvestrekningar.

Det er også høve til å fiske laks fleire stader i Nordfjord.
Sjå http://gloppen.sportsfiske.nu/ for meir info. 

Andre aktivitetar i nærleiken:

Rafting, brevandring.
Meir info: www.jolster-rafting.nowww.briksdalsbre.no

Riding
Gloppen har fjordhesten i kommunevåpenet sitt,

og denne rolege hesterasen er sentral her i Nordfjord.

Her er rike høve til å lære denne vakre hesten å kjenne.
www.fjordhestgarden.nowww.norsk-fjordhestsenter.no

www.fjordhest.no

Golf
Det er vorte populært også her, og det er ei ny 6-holsbane ved kommunesenteret Sandane. www.sandanegolf.no

Nordfjordnaturen innbyr til vandring
Her er merka turstiar i både lett og utfordrande terreng. Kjende motbakkeløp er "Eggenipa opp" og "Skåla opp". Dei mange støylane våre er spennande og kulturelle turmål. Til sykling er området også godt egna.

Bading
Sandalsvatnet er for dei tøffe, med brevatn ca. 4 grader! Breimsvatnet har fin sommartemperatur, kun 10 min. køyring dit. Til fjorden er det 20 min., elles har vi nytt og fint oppvarma utendørs basseng på Byrkjelo.

God mat
Viss du vil gå ut ein kveld på eit historisk hotell..
www.gloppenhotell.no Sandane eller www.gordonhotel.net på Reed

Ved Spar Byrkjelo er Jafs kafè og på Reed er Rekroa. Gode og rimlegare alternativ.

Shopping
Fabrikk-utsala i Olden har gode tilbod, og dei kjende ungdomane/designarane i "moods of Norway" har utsal i Stryn.
www.skogstadsport.nowww.riccovero.nowww.moodsofnorway.com

Lokalt handverk
kan du finne på turistinformasjonen på Byrkjelo.
Sjå også www.arv.no.

Sandal er eit sentralt utgangspunkt for bilturar til kjende turistattraksjonar:
Astruptunet i Jølster
Bremuseet i Fjærland
Briksdalsbreen i Stryn
Geiranger
Vestkapp
Selje kloster

LightWeb




S A N D A L   G A R D

K O N T A K T P E R S O N
Aud Bergheim


A D R E S S E
N-6826 Byrkelo

T E L E F O N
+47 57 86 88 21

W E B S I D E

www.sandalgard.no  

M O B I L S I D E
      

M O B I L
+47 917 30 318

E - P O S T

post@sandalgard.no   

B L O G G  http://audscottagepaint.blogspot.com 
T I L B A K E M E L D I N G A R





F A C E B O O K

G O O G L E M A P S



V E G   B E S K R I V I N G

Frå Bergen med bil kan du ta E39 til Oppedal. Ta ferja over Sognefjorden til Lavik og hald fram på E 39 via Førde og Skei til Byrkjelo.

Frå Oslo med bil ta E18 mot Drammen. Etter 16 km er du i Sandvika og tek inn på E16 via Hønefoss til Lærdal, ca 320 km. Eller den litt kortare ruta over Gol, ta inn på Rv 7 litt før Hønefoss, og Rv 52 over Hemsedal til Lærdal.
Så rv.5 til Fodnes der du får ein liten fin ferjeturtur over Sognefjorden til Mannheller, vidare om Sogndal og Fjærland, gjennom tunellane (som er gratis no...!) Frå Skei ta E39 til Byrkjelo.

Frå Byrkjelo tek du av på Rv 60 mot Stryn. Allerede etter 1.km ser du skiltet Myklebust og tek av til høgre der. Etter 4 km på bygdeveg ser du vatnet, stopp ved skiltet Sandal Gardsturisme. Huset til vertskapet er lys gult. Der er vi og kan gje deg nøkkel og informasjon :)

GPS: 61.745022 / 6.571989




© LightWeb