Hovedside

Frå Bergen med bil kan du ta E39 til Oppedal. Ta ferja over Sognefjorden til Lavik og hald fram på E 39  via Førde og Skei til Byrkjelo. Der tek du av på rv. 60 i retning Stryn. Men allerede etter 1 km. ser du skiltet Myklebust og tek av til høgre der. Etter 4 km på bygdeveg ser du vatnet, stopp ved skiltet Sandal Gardsturisme. Huset der vi, vertskapet, bur er lyst gul-kvitt. Der er vi, og kan gje deg nøkkel og informasjon.

Frå Oslo med bil ta E18 mot Drammen. Etter 16 km er du i Sandvika og tek inn på E16 via Hønefoss til Lærdal, ca 320 km. Så rv.5til Fodnes der ferja tek deg til Mannheller, vidare om Sogndal og Fjærland gjennom tunellane. Frå Skei ta E39 til Byrkjelo, deretter det same som over.